Nokre tips om utfylling
Når du har sett gjennom skjema og informasjonen, er det tilrådd å kontakte prosjektleiar før du går i gang.
Søknadsskjemaet er utforma for å treffe dei fleste typar prosjekt. Likevel kan det vere behov for å utdjupe og leggje til. Det er smart å nytte slike moglegheiter, for jo meir grunngjeven søknaden er, desto betre er grunnlaget for ei avgjerdsle om støtte.
Dokumenter kostnadene! Vis til korleis kostnadene er komme fram, eksempelvis kan det vere aktuelt å leggje til eit vedlegg med prisliste for innkjøp av varer og tenester ein vil nytte.
Kviteseid FRAMs hovudmål er å skape gode møteplassar, fremje fleksibilitet i bustadmarknaden og sikre vekst i næringslivet i kommunen, og det er viktig å beskrive på kva måte prosjektet ditt bidreg til desse måla.
Vidare er berekraftsmåla viktige. Sjekk ut FNs berekraftsmål, og få meir informasjon om kvart av måla. Det er tilrådd å ta ein titt på delmåla for det hovudmålet du tenkjer at verksemda di bidreg til. I søknadsskjema er det både ei avkryssing for kva mål prosjektet ditt bidreg til, og eit skrivefelt i ljoseblått øvst der du blir bedt om å beskrive nærare korleis prosjektet ditt tek vare på berekraftsmål. Eit nyttig verktøy for å hjelpe bedrifta med å prioritere og effektivisere berekraftsarbeidet, er nettsida www.vesentlig.no.
NB! Om du skriv meir enn størrelsen på tekstboksen, må du legge ved eit tilleggsdokument.
Søknadsbehandling
Etter at søknaden er sendt inn, blir denne vurdert fremja for styret i Kviteseid FRAM, som tek stilling til om søknaden skal innvilgast – og i så fall med kva for sum.
Det er ikkje mogleg å søkje om støtte til meir enn 50% av totalkostnadane i eit prosjekt. Merk at støtte blir innvilga etter skjønn, og at styret i omstillingsprogrammet har myndigheit til å avslå søknader sjølv om dei fell inn under kriteria.