Reiselivet og handelsnæringa i Kviteseid kommune kan sjå tilbake på ein svært sterk sommar. Hotella melder om vekst, butikkane om auka omsetning – og enkelte har sett nye rekordar.
Hvordan kan din virksomhet få støtte til utvikling, innovasjon eller omstilling? Telemark Fylkeskommune, Telemark Utviklingsfond og Innovasjon Norge gir i dette webinaret en samlet oversikt over aktuelle finansieringsordninger og virkemidler for næringslivet i Telemark.
Har du interesse for skogbruk og ikkje minst ungskogpleie? Då må du ta turen til Kviteseid 11. juni!
I Brunkeberg er eit spennande utviklingsarbeid i gang, med mål om å skape eit moderne og berekraftig knutepunkt for logistikk og næringsverksemd.
Vil du ta bedrifta di til neste nivå? Kviteseid FRAM er omstillingsprogrammet i Kviteseid kommune – og denne våren lanserer vi satsinga SMB-utvikling.
Tomsen Sports har nyleg motteke ei prestisjefylt internasjonal utmerking for si nyskapande løysing innan vintersport. Under World Winter Sports Expo i Beijing, den største vintersportsmessa i Kina, vart Tomsen tildelt prisen for Best New Innovation med sine Novaskis.
-innerstøvelsen som heidrar norsk skihistorie Tomsen Sports styrkjer no sin produktportefølje med den nye innerstøvelsen «Spirit of Morgedal», som vil følgje alle Tomsen-modellane framover. Namnet er eit medvite val, djupt forankra i norsk skisport-arv.
Korleis kan Kviteseid sentrum sikre lønnsam drift gjennom heile året?
Morgedal Aktiv er eit nystifta firma som vil tilby guidetenester, kurs og utleige av utstyr knytt til naturbaserte aktivitetar i regionen.
Dei driftige og kreative eigarane av Sør-Rui i Vrådal vil skape ein magisk stad der natur, fantasi og fellesskap møtast. No har dei fått tilskot frå Kviteseid FRAM til å ta draumen eit steg vidare.
Kva for prosjekter har fått støtte hittil? Trykk her for oversikt
1. Bakgrunn Hovudmålet med omstillingsarbeidet er å bidra til at Kviteseid kommune skal vere ein attraktiv kommune å bu-leva og utvikle seg sjølv og bedrifter i. Omstillingsarbeidet skal over tid utvikle og styrkje utviklingsevna til kommunen og regionen. Vi skal jobbe for ein meir fleksibel bustadmarknad og styrka tenestetilbod, og dessutan fremje eit robust næringsliv […]
Kviteseid FRAM og Kviteseid kommune inviterer til folkemøte. Dette blir ein idedugnad der alle som brenn for kommunen kan komma med ideane sine og innspel på korleis kommunen skal utvikla seg dei kommande åra.
Kviteseid kommune er nominert for prosjektet Drit i energi. Kommunen skal installera varmepumper der dei optimaliserer avløpsvatn til oppvarming.