Slik søkjer du støtte

Fokuset i 2026 er på forstudium og forprosjekt. Fyll ut passande søknadsskjema nedanfor. Ta gjerne kontakt om du lurer på noko!

Både bedrifter og enkeltpersonføretak kan søkje om økonomisk støtte frå Kviteseid FRAM, så lenge tiltaket det blir søkt om går inn under satsingsområda. Verksemda må vere registrert med forretnings- eller verksemdsadresse i Kviteseid og ha mål om aktivitet i Kviteseid kommune.

Kviteseid FRAM ynskjer kontakt på eit tidleg tidspunkt i prosessen. På denne måten kan vegen framover bli så effektiv og målretta som mogleg, og du kan få rettleiing til å skrive ein god søknad.

Her kan du lese vedtatt omstillingsplan 2024-2029.

 

Forstudie

Forstudie vert gjennomført relativt tidleg i ein idéfase. Målet med forstudiar skal vere å analysere og avklare realistiske moglegheiter for å gjennomføre prosjektet. Her blir moglege løysingsmåtar, risiko, økonomi og forventa resultat kartlagt.

Fyll inn skjema Last ned her

Forprosjekt

Forprosjekt skjer i forkant av eit mogleg hovudprosjekt, og skal spesifisere og planlegge korleis hovudprosjektet skal realiserast. Her skal man vurdere resultat, økonomi, framdrift og kva for kritiske risikofaktorar som er til stades. Eit typisk forprosjekt kan vere utarbeiding av forretningsplan, ein protoyp og uttesting av marknadsmoglegheiter.

Fyll inn skjema Last ned her

Kompetansehevingstiltak

For søknad om midlar til å gjennomføre kompetansehevingstiltak i bedrifta di, eller fleire bedrifter saman.

Fyll inn skjema Last ned her

Nokre tips om utfylling

Når du har sett gjennom skjema og informasjonen, er det tilrådd å kontakte prosjektleiar før du går i gang.

Søknadsskjemaet er utforma for å treffe dei fleste typar prosjekt. Likevel kan det vere behov for å utdjupe og leggje til. Det er smart å nytte slike moglegheiter, for jo meir grunngjeven søknaden er, desto betre er grunnlaget for ei avgjersle om støtte.

Dokumenter kostnadene! Vis til korleis du har kome fram til kostnadene, eksempelvis kan det vere aktuelt å leggje til eit vedlegg med prisliste for innkjøp av varer og tenester ein vil nytte.

Kviteseid FRAMs hovudmål er å skape gode møteplassar, fremje fleksibilitet i bustadmarknaden og sikre vekst i næringslivet i kommunen, og det er viktig å beskrive på kva måte prosjektet ditt bidreg til desse måla.

Berekraft er viktig! Kviteseid FRAM skal vere ein medspiller for ansvarleg næringsliv og legg vekt på sosiale, miljømessige og økonomiske formål. Sjekk ut FNs berekraftsmål, og få meir informasjon om kvar av dei 17 måla. Det er tilrådd å sjå ekstra på delmåla for det hovudmålet du tenkjer at verksemda di bidreg til. I søknadsskjemaet er det både ei avkryssing for kva mål prosjektet ditt bidreg til, og eit skrivefelt i ljoseblått øvst der du blir bedt om å beskrive nærare korleis prosjektet ditt tek vare på berekraftsmåla.

Berekraftrisiko handlar om korleis bedrifta sine aktivitetar påverkar menneske, samfunn eller miljø på ein negativ måte. Dei tre hovudområda er klima og miljø (Environment), sosiale tilhøve (Social) og selskapsstyring (Governance).

Du kan lese meir om berekraftrisiko på Innovasjon Noreg si side.

NB! Om du skriv meir enn størrelsen på tekstboksen, må du legge ved eit tilleggsdokument.

 

Søknadsbehandling

Etter at søknaden er sendt inn, blir denne vurdert fremja for styret i Kviteseid FRAM, som tek stilling til om søknaden skal innvilgast – og i så fall med kva for sum.

Det er ikkje mogleg å søkje om støtte til meir enn 50% av totalkostnadane i eit prosjekt. Merk at støtte blir innvilga etter skjønn, og at styret i Kviteseid FRAM har myndigheit til å avslå søknader sjølv om dei fell inn under kriteria.

Styret i Kviteseid FRAM har vedteke retningslinjer for bruk av omstillingsmidlane, les meir ved å trykke på knappen under.