Slik søkjer du støtte

Fokuset i 2025 er på forstudium og forprosjekt. Fyll ut passande søknadskjema nedanfor. Ta kontakt om du lurer på noko.

Både bedrifter og enkeltpersonføretak kan søkja om økonomisk støtte frå Kviteseid FRAM, så lenge tiltaket det blir søkt om går inn under satsingsområda. Verksemda må vera registrert med forretnings- eller verksemdsadresse i Kviteseid og ha mål om aktivitet i Kviteseid kommune.

Kviteseid FRAM ønskjer kontakt på eit tidleg tidspunkt i prosessen. På denne måten kan vegen framover bli så effektiv og målretta som mogleg, og du kan få rettleiing til å skriva ein god søknad.

 

Forstudium

Ved analysering og avklaring av realistiske moglegheiter for vidareføring av ein idé.
Last ned her

Forprosjekt

Ved spesifisering og planlegging av hovudprosjekt - korleis ein skal kommersialisera ein forretningsidé.
Last ned her

Kompetansehevingstiltak

Ved søknad om midlar til å gjennomføra kompetansehevingstiltak i ei bedrift eller fleire bedrifter saman. Last ned her

Nokre tips om utfylling

Når du har sett på skjema og informasjonen, blir tilrådd å kontakta prosjektleiar før du går i gang.

Søknadsskjemaet er utforma for å treffa dei fleste typar prosjekt. Likevel kan det vera behov for å utdjupa og leggja til. Det er smart å nytta slike moglegheiter, for jo meir grunngav søknaden er, desto betre grunnlag for ei avgjerd om støtte.

Dokumenter kostnadene! Vis til korleis kostnadene er komme fram, eksempelvis kan det vera aktuelt å leggja til eit vedlegg med prisliste for innkjøp av varer og tenester ein vil nytta.

Kviteseid FRAMs hovudmål er å skapa gode møteplassar, fremje fleksibilitet i bustadmarknaden og sikre vekst i næringslivet i kommunen, og det er viktig å beskriva på kva måte prosjektet ditt bidreg til desse måla.

Vidare er berekraftsmåla viktige. Sjekk ut FNs berekraftsmål, og få meir informasjon kvart av måla. Det blir tilrådd å ta ein titt på delmåla for det hovudmålet du tenkjer at verksemda di bidreg til. I søknadskjemaene er det både ei avkryssing for kva mål prosjektet ditt bidreg til, og eit skrivefelt i lysblått øvst kvar du  blir beden beskriva nærare korleis prosjektet ditt varetek berekraftsmål. Eit nyttig verktøy for å hjelpa bedrifta med å prioritera og effektivisera berekraftsarbeidet, er nettsida www.vesentlig.no.

NB! Hvis du skriver mer enn størrelsen på tekstboksen, må du legge ved et tilleggsdokument.

Søknadsbehandling

Etter at søknaden er sendt inn, blir denne vurdert fremja for styret i Kviteseid FRAM, som tek stilling til om søknaden skal innvilgast – og i så fall med kva sum.

Det er ikkje mogleg å søkja om støtte til meir enn 50% av totalkostnadene i eit prosjekt. Merk at støtte blir innvilga etter skjønn, og at styret i omstillingsprogrammet har styresmakt til å avslå søknader sjølv om dei fell inn under kriteria.