Kva kan Kviteseid FRAM tilby?

Kviteseid FRAM skal vere ein fasilitator og rådgjevar innanfor innsatsområda. Omstillingsmidlane kan brukast til hovudsakleg forstudium og forprosjekt.

Nettverksbygging, samarbeid og inkludering

+

Kviteseid FRAM skal leggje til rette for gode nettverk og samarbeid. Det vil seie byggje eigne og vidareutvikle konkrete arenaer og møteplassar som støttar opp under samarbeid og dialog mellom innbyggjarar, næringslivet og kommunen, lokalt og regionalt.

Det er mogleg å søkje om støtte til samarbeidstiltak, både i Kviteseid og i regionen. Det kan vere bedriftsinitiativ og tiltak innan samarbeid, kompetansedeling og nettverk. Det er også mogleg å søkje bedriftstøtte for tilpassing av arbeidsforhold for auka inkludering på arbeidsplassen.

Bustads-attraktivitet: Stads-, kultur- og bustadutvikling

+

Bustads-attraktivitet er eit prioritert innsatsområde for omstillingsprogrammet. Dette inneber mykje meir enn konkrete bustadprosjekt. Det er summen av ei rekkje initiativ i forhold til bustadtypar, tenester, kulturtilbod og transport.

Det kan søkjast støtte om forstudium og forprosjekt som mellom anna støttar utvikling av fysiske møteplassar, vidareutvikling av lokale tenester og kollektivtransport og dessutan arrangement og festivalar. Det kan og søkjast støtte om prosjekt i forhold til bustadmarknaden. Det vil seie støtteordning for næringsdrivande og private initiativ som bidreg til eit rikare tilbod på bustadmarknaden.

Utvikling av næringslivet

+

Utvikling av næringslivet er eit innsatsområde med stor prioritet. Kviteseid FRAM ynskjer å kartleggje moglegheitene for både etablering og utvikling. Det gjeld kartlegging av moglegheiter for større IT-etableringar og å jobbe systematisk med oppfølging med private og offentlege etableringar.

Det kan søkjast om støtte til ei rekkje tiltak for prosjekt som støttar utvikling med idear frå bedrifta di. Det gjeld utvikling av små og mellomstore bedrifter og dessutan tiltak som aukar rekruttering generelt.

Det kan søkjast om tiltak som bidreg til reiseliv i nye og eksisterande bedrifter. Det bør vere tiltak og arrangement som støttar opp under regional reiselivsplan. Det kan gjevast støtte til tiltak for natur- og kulturbasert reiseliv i Kviteseid og Vest-Telemark.

Innanfor IT-sektoren kan det gjevast støtte til samarbeidsprosjekt som byggjer merkevareplattforma og pakka kring IT-bygda. Det kan vere utviklingsprosjekt med utgangspunkt i idear frå bedriftene, identifisering av utviklingspotensial, moglege knoppskytingar og utviklingsprosjekt.

Kompetanseutvikling

+

Kviteseid FRMA skal skape arenaer for erfaringsutveksling og kompetanseheving. Det er mogleg å søkje om midlar for kurs, erfaringsdeling og kompetanseheving.

No er tida inne for å satse!

Kviteseid FRAM kan hjelpe med utviklingsarbeid og nettverksbygging med eit regionalt perspektiv og dessutan utvikling av innovasjons- og entreprenørskapskultur.

Er det noko du lurar på i forhold til omstillingsprogrammet, søknader eller har idear du ynskjer innspel på? Ikkje nøl med å ta kontakt!

Ta kontakt i dag!

Innsatsområde

Omstillingsprogrammet vil jobbe innanfor alle innsatsområda for å utvikle møteplassar, stimulere til auka samarbeid og vere diskusjonspartnar og pådrivar for næringslivet i Kviteseid.

Klikk på eit område for å lese meir.

Inkludering og samhandling

Vi byggjer tillit og samarbeid lokalt og regionalt for å skape eit sterkt og inkluderande samfunn.
Gå til inkludering og samhandling

Bustads-attraktivitet

Strategisk stadutvikling og styrka kulturtilbod gjer Kviteseid til ein stad å trivast.
Gå til bustads-attraktivitet

Næringlivsvekst

Vi støttar primærnæringar, reiseliv og IT-sektoren for å drive innovasjon og verdiskaping.
Gå til næringslivsvekst