Innsatsområde

Omstillingsprogrammet skal mellom anna bidra til å skapa nye og sikre eksisterande arbeidsplassar, sikra eit robust og variert næringsliv, og dessutan utvikla bustadattraktiviteten. Her er innstasområda til programmet:

Inkludering og samhandling

Det handlar om å styrkja kommunikasjon, openheit og tillit. Samarbeid lokalt og regionalt skal betrast for å sikra ein samkøyrd bu- og arbeidsmarknadsregion. Arbeidsinkludering blir prioritert for å få fleire innbyggjarar i jobb.
Gå til inkludering og samhandling

Bustadattraktivitet

Det skal satses på strategisk stedsutvikling i samarbeid med lokale aktører. Kultur- og tjenestetilbudet skal gjøre Kviteseid til et attraktivt sted å bo. Boligmarkedet skal utvikles med flere og mer varierte boliger.
Gå til budstadattraktivitet

Næringlivsvekst

Prioriterte strategiar er å fremja innovasjon i primærnæringane, styrkja reiselivet gjennom lokale ressursar, og utvikla Kviteseid som ein attraktiv IT-destinasjon, både for de fastbuande og de som jobbar frå eksternt kontor.
Gå til næringslivsvekst

Våre Hovudmål

  • Skape gode møteplassar og ein sterk utviklingskultur
  • Fremje fleksibilitet i bustadmarknaden og styrkje tenestetilbodet
  • Sikre vekst i næringslivet med fokus på innovasjon og berekraft

Programmet har ei varigheit på 3-6 år og kvart år får kommunen tilført midlar over statsbudsjettet (Telemark Fylkeskommune) til dette utviklingsarbeidet.

Berekraft er prioritet

Berekraft som grunnlag for framtida
Kviteseid Fram prioriterer berekraftig utvikling i alle sine innsatsområde. Gjennom målretta arbeid skal kommunen og næringslivet leggje til rette for økonomisk, sosial og miljømessig vekst innan 2030. Tiltak som bidreg til både sosiale, økonomiske og miljømessige gevinstar blir prioritert.

FNs berekraftsmål som rettesnor
Omstillingsarbeidet tek utgangspunkt i FNs berekraftsmål. Gjennom samhandling på tvers av sektorar skapar vi eit robust næringsliv og eit attraktivt lokalsamfunn. Vi prioriterer følgende mål:

  • Mål 3: God helse og livskvalitet
  • Mål 8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst
  • Mål 9: Industri, innovasjon og infrastruktur
  • Mål 11: Berekraftige byar og samfunn
  • Mål 17: Samarbeid for å nå måla