Bustads-attraktivitet er eit sentralt tema i omstillingsprogrammet. Kviteseid har eit avgrensa bustadmarknad med få nye bustadar og lite variasjon i bustadtypar. For å tiltrekke naudsynt kompetanse til næringslivet, trengst det fleire regulerte tomter, betre utnytting av tomme hus og bygging av varierte bustadar. Samstundes må Kviteseid profilerast betre, særleg mot dei yngre, for å synleggjere lokalsamfunnets moglegheiter.
Bustadattraktivitet handlar òg om utvikling av tettstader og eit styrkt kultur- og tenestetilbod. Kommunen, fylkeskommunen, lokale grunneigarar og frivillige aktørar må samarbeide for å leggje til rette for vekst. Omstillingsprogrammet skal vere eit supplement og ein pådrivar for utvikling.