Innsatsområde

Omstillingsprogrammet skal mellom anna vere med på å bidra til å skape nye og sikre eksisterande arbeidsplassar, sikre eit robust og variert næringsliv, og dessutan utvikle bustadattraktiviteten. Her er innsatsområda til programmet:

Inkludering og samhandling

Det handler om å styrke kommunikasjon, openheit og tillit. Samarbeid lokalt og regionalt skal betrast for å sikre ein samkøyrd bu- og arbeidsmarknadsregion. Arbeidsinkludering blir prioritert for å få fleire innbyggjarar i jobb.
Gå til inkludering og samhandling

Bustads-attraktivitet

Det skal satsast på strategisk stadutvikling i samarbeid med lokale aktørar. Kultur- og tenestetilbodet skal gjere Kviteseid til eit attraktivt sted å bo. Bustadmarknaden skal utviklast med fleire og meir varierte bustadar.
Gå til budstads-attraktivitet

Næringlivsvekst

Prioriterte strategiar er å fremje innovasjon i primærnæringane, styrke reiselivet gjennom lokale ressursar, og utvikle Kviteseid som ein attraktiv IT-destinasjon, både for dei fastbuande og dei som jobbar frå eksternt kontor.
Gå til næringslivsvekst

Våre hovudmål

  • Skape gode møteplassar og ein sterk utviklingskultur
  • Fremje fleksibilitet i bustadmarknaden og styrke tenestetilbodet
  • Sikre vekst i næringslivet med fokus på innovasjon og berekraft

Programmet har ein varigheit på 3-6 år og kvart år får kommunen tilført midlar over statsbudsjettet (Telemark Fylkeskommune) til dette utviklingsarbeidet.

Berekraft er prioritert

Berekraft som grunnlag for framtida
Kviteseid Fram prioriterer berekraftig utvikling i alle sine innsatsområde. Gjennom målretta arbeid skal kommunen og næringslivet leggje til rette for økonomisk, sosial og miljømessig vekst innan 2030. Tiltak som bidreg til både sosiale, økonomiske og miljømessige gevinstar blir prioritert.

FNs berekraftsmål som rettesnor
Omstillingsarbeidet tek utgangspunkt i FNs berekraftsmål. Gjennom samhandling på tvers av sektorar skapar vi eit robust næringsliv og eit attraktivt lokalsamfunn. Vi prioriterer følgande mål:

  • Mål 3: God helse og livskvalitet
  • Mål 8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst
  • Mål 9: Industri, innovasjon og infrastruktur
  • Mål 11: Berekraftige byar og samfunn
  • Mål 17: Samarbeid for å nå måla