Kviteseid kommune er nominerte til Årets lokale klimatiltak 2024

Kviteseid kommune er nominert for prosjektet Drit i energi. Kommunen skal installera varmepumper der dei optimaliserer avløpsvatn til oppvarming. Vatnet kjem frå eit reinseanlegg som ligg 120 meter unna, og har ein temperatur på 7 grader. Dette er mykje høgare temperatur enn bergvatn, og ein vil dermed spara mykje på mindre oppvarming av vatnet. Prosjektet forventar å spara cirka 230.000 kWh, og tek i bruk ein ressurs som elles blir pumpa ut i fjorden.