Folkemøte i Vrådal

30. januar, kl 19.00 - 21.00
Sted: Vrådal, Straand HotellKviteseid FRAM og Kviteseid kommune inviterer til folkemøte i Vrådal. Dette blir ein idedugnad der alle som brenn for kommunen kan komma med ideane sine og innspel på korleis kommunen skal utvikla seg dei kommande åra.
Her blir det mellom anna kort informasjon om sjølve prosjektet, resultat frå spørjeundersøkinga, og dessutan morosam «work-shop» der me saman skal finna dei gode ideane og satsingsområde i heile kommunen.
Tid og sted:
Torsdag 30. januar – Vrådal, Straand Hotell (Vrådalssalen) – kl 19.00 – 21.00
Me sørgjer for ei enkel bevertning. Møt opp! Me ønskjer di meining og engasjement!
Kviteseid FRAM er eit omstillingsprosjekt som mellom anna skal bidra til å skape nye og sikre eksisterande arbeidsplassar, sikra eit robust og variert næringsliv, og dessutan utvikle bulyst bustadattraktiviteten. Programmet har ei varigheit på 3-6 år og kvart år får kommunen tilført midlar over statsbudsjettet (Telemark Fylkeskommune) til dette utviklingsarbeidet.