Tomsen Sports lanserer «Spirit of Morgedal»


Publisert: 01.12.2025

Tomsen Sports styrkjer no sin produktportefølje med den nye innerstøvelsen «Spirit of Morgedal», som vil følgje alle Tomsen-modellane framover. Namnet er eit medvite val, djupt forankra i norsk skisport-arv - nemleg Spirit of Morgedal.

-innerstøvelsen som heidrar norsk skihistorie

Tomsen Sports styrkjer no sin produktportefølje med den nye innerstøvelsen «Spirit of Morgedal», som vil følgje alle Tomsen-modellane framover. Namnet er eit medvite val, djupt forankra i norsk skisport-arv.

«Vi held til i Kviteseid kommune, berre eit steinkast frå Morgedal – fødestaden til moderne skisport og heimstaden til Sondre Norheim. Han revolusjonerte skiutviklinga med bindinga si, og vi jobbar vidare i same ånd når vi no utviklar eit heilt nytt alternativ til måten ein står på ski. Difor heiter innerstøvelen til Novaskis no Spirit of Morgedal – den representerer både arven og innovasjonen vi byggjer vidare på», seier Tommy Syversen i Tomsen Sports.

Utvikla for komfort, kontroll og universell bruk

Spirit of Morgedal-innerskoa er standard i alle Novaskis-modellar og er designa for å gje betre støtte, varme og presisjon. Kombinert med den unike Novaskis-konstruksjonen bidreg innerstøvelen til den raske læringskurva som har gjort Novaskis til eit ettertrakta alternativ i utleigemarknaden.

Sterk vekst internasjonalt

Tomsen Sports opplever no stor etterspurnad globalt. Selskapet har allereie i november oppnådd salsmålet til distributørar for sesongen. I oktober var det lansering på nytt og spennande tilbehøyr i nettbutikken, og Syversen melder om godt sal inn mot ein ny sesong. Selskapet vurderer å auke produksjonen ytterlegare for å møte den auka etterspurnaden.

Strategisk satsing i Noreg og Europa

I den norske marknaden har Tomsen etablert dialog med fleire aktørar i skiutleiebransjen. Fem samarbeidspartnarar har inngått avtale med Tomsen Sports, og samla vil desse gje nasjonal dekning for utleie av Novaskis. Selskapet er òg i dialog med BUA Norge som har 270 lokale einingar. «For sesongen 2025-2026 har vi som mål å ha Novaskis tilgjengelege hos minst 25 BUA-lokasjonar», seier Syversen. Hovudfokuset no er å styrkje posisjonen i den norske marknaden, og vidareutvikle samarbeidet med distributørane selskapet allereie har på plass. Etter endt sesong vil Tomsen Sports starte dialog med utleiebransjen vidare utover i Europa.

Framtidsutsikter og vidare vekst

Tomsen Sports har store ambisjonar for Novaskis i åra som kjem. «Vi har som mål å vere etablert med distribusjon i 40 land innan tre år. Slagordet vårt «fun on day one» skal vere ein kjent strofe og representere kvalitet i desse marknadene», seier Syversen.

Selskapet utviklar ein ny høgkvalitetsmodell, som er planlagt lansert om 2 år. Denne kjem med ny patentert teknologi. «Vi jobbar for at produksjonen av denne modellen skal leggjast til Kviteseid. Det ville vore ei stor glede å kombinere framtidas skisport med røtene våre i Morgedal-tradisjonen», avsluttar Syversen.

Verdsmeisterskap i Novaski i Oslo

Tomsen Sports går ei spennande tid i møte når Novaski for fyrste gong får sitt eige verdsmeisterskap. International Novaski Cross Federation, med adresse i Kviteseid, står som arrangør av meisterskapen som går av stabelen i Oslo 12.-13. desember. Visjonen til Novaski cross er ambisiøs: å etablere sporten som ein offisiell OL-gren i framtidige vinter-OL.
Det komande meisterskapet er eitt av to World Cup-renn denne sesongen. Det andre vert arrangert 5.-6. mars i Chongli, berre to timar frå Beijing – ein region med sterk vintersportssatsing etter OL i 2022.
Du kan finne meir informasjon om meisterskapet og sporten på www.novaskicross.org

 

Tomsen Sports har fått eit tilskot på kr. 125.000,- frå Kviteseid FRAM.