Tomsen Sports heidra med innovasjonspris i Kina

Tomsen Sports har nyleg motteke ei prestisjefylt internasjonal utmerking for si nyskapande løysing innan vintersport. Under World Winter Sports Expo i Beijing, den største vintersportsmessa i Kina, vart Tomsen tildelt prisen for Best New Innovation med sine Novaskis.
«Prisen anerkjenner at Tomsen-produktet vårt opnar for ein heilt ny kategori i alpinbakkane. Der ein tidlegare har hatt ski og snowboard, kjem no Novaskis som det tredje alternativet», seier Tommy Syversen frå Tomsen Sports.
Ny kategori og enklare læring
Novaskis er utvikla for å gjere inngangen til vintersport både tryggare og enklare. Produktet gjer det mogleg å lære teknikk langt raskare enn med tradisjonelle ski.
«Novaskis er tryggare og fem gonger raskare å lære enn vanlege ski. Dette gjer at endå fleire kan oppleve meistring tidleg, noko som er avgjerande for rekruttering og utvikling av sporten», forklarar Syversen.
Internasjonal merksemd
I tillegg til prisen fekk Tomsen stor merksemd på messa, der Syversen også var invitert som Keynote Speaker. Under foredraget presenterte han både Tomsen-konseptet og den norske skisporthistoria, med særleg vekt på pioneren Sondre Norheim og Morgedal som fødestaden til moderne skisport.
Betydning for vidare satsing
Utmerkinga markerer eit viktig steg for Tomsen Sports og Novaskis internasjonalt.
«Denne prisen betyr mykje for oss. Ho stadfestar at vi har treft med innovasjonen vår, og ho gir oss både synlegheit og legitimitet i ein av verdas raskast veksande vintersportsmarknader», seier Syversen.
Verdsmeisterskap i Novaski i Oslo
Tomsen Sports går ei spennande tid i møte når Novaski for fyrste gong får sitt eige verdsmeisterskap. International Novaski Cross Federation, med adresse i Kviteseid, står som arrangør av meisterskapen som går av stabelen i Oslo 12.-13. desember. Visjonen til Novaski cross er ambisiøs: å etablere sporten som ein offisiell OL-gren i framtidige vinter-OL.
Det komande meisterskapet er eitt av to World Cup-renn denne sesongen. Det andre vert arrangert 5.-6. mars i Chongli, berre to timar frå Beijing – ein region med sterk vintersportssatsing etter OL i 2022.
Du kan finne meir informasjon om meisterskapet og sporten på www.novaskicross.org