Morgedal Aktiv


Publisert: 27.10.2025

Morgedal Aktiv er eit nystifta firma som vil tilby guidetenester, kurs og utleige av utstyr knytt til naturbaserte aktivitetar i regionen.

Gjennom ulike møtepunkt har det synt seg å vere etterspurnad etter meir tilrettelegging av naturbaserte opplevingar, og etablera reiselivsbedrifter i regionen ynskjer å ha fleire aktivitetar å tilby sine gjester.

Selskapet er etablera av tre personar med lang erfaring innan næringslivet, og med sterk lokal tilknyting og nettverk. Anders Aks, Helge Byggland og Tarjei Gjelstad har alle erfaring og kjennskap til regionen, noko som gjev firmaet eit solid grunnlag for å utvikle og drifte selskapet på ein berekraftig måte framover. Dei vil lage ein plattform for lokale aktørar med kompetanse innan ulike friluftsaktivitetar som til dømes hundekøyring, toppturar på vinterstid (randonée, fjellski eller truger) og trugeturar med moglegheit for pilking.

Dette vil legge til rette for meir aktivitet i Morgedal, Kviteseid og Vrådal, og i større grad heilårsturisme for regionen. Dette vil gje positive ringverknader for etablera overnattingsstader, serveringsbedrifter og anna reiselivsnæring.

Morgedal Aktiv vil lage heilårsturisme i Telemark, med gode tilbod både sommar og vinter.

Dei vil tilby guidetenester, kurs og utleige av utstyr knytt til naturbaserte aktivitetar i regionen.

I sitt forstudium vil dei jobbe med avklaringar mot aktuelle leverandørar av aktivitetar og arrangement, avklaring av samarbeidsavtalar med reiselivsbedrifter, forretningsmodell, finansieringsplan og marknadspotensiale.

«Støtta frå Kviteseid FRAM betyr utruleg mykje for oss – ho gjer at vi kan gå frå idé til handling. Vi er i full sving med å kartleggje samarbeidspartnarar, planleggje aktivitetar og legge grunnlaget for eit levande, heilårs reiseliv i regionen», seier den dyktige gjengen bak Morgedal Aktiv.

Kviteseid FRAM har stor tru på at eit slikt tilbod kan auke attraktiviteten for gruppemarknaden, og dessutan generere fleire overnattingsdøgn i kommunen. I tillegg kan dette prosjektet skape verdiar for fleire næringsaktørar.

Prosjektet høyrer inn under Kviteseids FRAM si satsing på reiseliv og opplevingsnæring.

Morgedal Aktiv har fått eit tilskot på kr. 91.000,- frå Kviteseid FRAM.