Kviteseid Næringslag

Korleis kan Kviteseid sentrum sikre lønnsam drift gjennom heile året?
Auka aktivitet i Kviteseidbyen vil sikre framtidig drift for eksisterande næringsliv, og som ein positiv ringverknad kan det i tillegg føre til at nye aktørar ser nytte i å etablere seg i Kviteseid. Dette vil gje eit betre tilbod til fastbuande og turistar, og bidra til eit bymiljø som blir meir attraktivt for tilflyttarar.
Næringslaget vil med midlar frå Kviteseid FRAM få utarbeida eit detaljera årshjul, med gode aktivitetar og arrangement gjennom heile året – både eksisterande arrangement, men òg konseptutforsking av nye arrangement. Næringslaget ynskjer å kartlegge mogleg samarbeid med lag og organisasjonar i Kviteseid, for saman å kunne sikre ein god gjennomføring av aktivitetar i og utanfor sentrum.
«Det vil vere viktig å skape arrangement utanfor høgsesong for å sikre ein berekraftig drift for næringsverksemdene i byen», seier Elizabeth Wisland på vegne av Kviteseid Næringslag. «Med midlane frå Kviteseid FRAM står vi betre rusta til å kvalitetssikre eksisterande arrangement og kunne utvikle nye aktivitetar som kan gje positive verknader for sentrum».
Ho vil og legge vekt på kor stor betydning Kviteseid FRAM har hatt for Kviteseidbyen. «Mange av dei etablera bedriftene har halde på i mange år, og synast det er vanskeleg å dra i gang nye prosjekt. Å få med ein lagkamerat som Vegard frå Kviteseid FRAM har ikkje berre tilført kapital, men òg vore ein verdifull sparringspartnar. Med sin erfaring, kreativitet og entusiasme har han gjett næringslaget god draghjelp på sommarens arrangement – både med marknadsføring, gjennomføring og synlegheit i bybildet. Vegard og omstillingsprogrammet har gjeve Kviteseidbyen ein ny giv», avsluttar ho.
Eit levande sentrum heile året er viktig både for bu-lyst og attraktivitet i kommunen, seier Vegard Angen Johnsen, prosjektleiar for Kviteseid FRAM. Kviteseidbyen har flotte tradisjonar som handels- og kulturstad, og har allereie fleire kjente festivalar som kan forsterkast med litt fleire ressursar på plass. Det er positivt at Kviteseid Næringslag gjennom denne forstudien tek eigarskap til denne utviklinga. Det er ein viktig faktor for å halde oppe, eller til og med forsterke, mangfaldet av handel i sentrum.
Kviteseid Næringslag har fått eit tilskot på kr. 100.000,- frå Kviteseid FRAM.