Infomøte om SMB-utvikling


Publisert: 10.02.2026

Velkomen til infomøte om SMB-utvikling i Kviteseid kommune
Tidspunkt:

11. mars 2026

Sted: Morgedal Hotell GRATIS - men påmelding

Vil du ta bedrifta di til neste nivå?

Kviteseid FRAM er omstillingsprogrammet i Kviteseid kommune – og denne våren lanserer vi satsinga SMB-utvikling.

Prosjektet er retta mot små og mellomstore bedrifter som ynskjer vekst, utvikling og nye moglegheiter.

Alle næringsdrivande i Kviteseid kommune kan søkje om deltaking. Gjennom SMB-utvikling får utvalde bedrifter tilgang til målretta verktøy som kan styrkje konkurransekrafta, til dømes:

  • Profesjonell rådgjeving
  • Støtte til å utvikle prosjektplanar
  • Hjelp i konkrete utviklings- og vekstprosjekt

Prosjektet er for bedrifter med eit tydeleg vekstpotensial og vilje til å satse. Deltaking blir vurdert og avgjort av omstillingsstyret i Kviteseid FRAM.

I samband med oppstart ynskjer vi å kartleggje interessa blant næringslivet i kommunen og gje meir informasjon om kva SMB-utvikling kan tilby. Difor inviterer vi til:

Infomøte om SMB-utvikling

🗓 Onsdag 11. mars
Kl. 13.30–14.30
📍 Morgedal Spa & Resort

Det blir servert kaffi, te og noko søtt.

👉 Påmelding her. GRATIS, men påmelding grunna servering.
Har du spørsmål i forkant?
Kontakt Vegard Angen Johnsen, prosjektleiar i Kviteseid FRAM
📞 90 50 69 51