Folkemøte i Morgedal

28. januar 2025, kl 19.00 - 21.00
Sted: Morgedal HotellKviteseid FRAM og Kviteseid kommune inviterer til folkemøte i Morgedal. Dette blir ein idedugnad der alle som brenn for kommunen kan kome med ideane sine og innspel på korleis kommunen skal utvikle seg dei kommande åra.
Her blir det mellom anna kort informasjon om sjølve prosjektet, resultat frå spørjeundersøkinga, og dessutan morosam «work-shop» der vi saman skal finne dei gode ideane og satsingsområde i heile kommunen.
Tid og sted:
Tysdag 28. januar – Morgedal Hotell – kl 19.00 – 21.00
Vi sørgjer for enkel bevertning. Møt opp! Vi ynskjer di meining og engasjement!
Kviteseid FRAM er eit omstillingsprosjekt som mellom anna skal bidra til å skape nye og sikre eksisterande arbeidsplassar, sikre eit robust og variert næringsliv, og dessutan utvikle bulyst og bustadattraktiviteten. Programmet har ei varigheit på 3-6 år og kvart år får kommunen tilført midlar over statsbudsjettet (Telemark Fylkeskommune) til dette utviklingsarbeidet.