FairyTale Gardens – eit eventyr ved vatnspegelen

Dei driftige og kreative eigarane av Sør-Rui i Vrådal vil skape ein magisk stad der natur, fantasi og fellesskap møtast. No har dei fått tilskot frå Kviteseid FRAM til å ta draumen eit steg vidare.
FairyTale Gardens vil vere ein stad der både store og små kan puste, utforske og la seg gripe av magien – det skal vere ei oppleving for alle sansar å komme til garden. I prosjektskissa har dei til no planlagt eventyrhus, glamping, dyr, sansesti, besøkshage, kafé og gardsbutikk.

Foto: Elene og Rune
Rune og Elene ser ein potensielt stor marknad både nasjonalt og internasjonalt, som familievennleg dagsutflukt eller ein samlingsstad for små grupper som vil oppleve noko heilt annleis. Dei vil gjennomføre eit forstudium for å få på plass konseptskisser og forretningsplan, og deretter søke om tilskot frå Innovasjon Norge i neste steg.
«Tilskotet frå Kviteseid FRAM gjer at vi kan leige inn arkitekt til å lage ein plan for heile garden, saman med konseptskisser for nokre av bygga og tilboda vi ynskjer å få til. Vi har nettopp hatt besøk av arkitekt, så no gler vi oss til å sjå resultata» seier dei to entusiastisk. «Vi ynskjer at garden skal vere ein møteplass og eit utstillingsvindauge for lokale kunstnarar og handverkarar. Telemark er rik på kultur og tradisjonar, og vi ynskjer å bidra til å lyfte fram dei dyktige tradisjonsberarane som finns i regionen. Det er viktig både som lim lokalt og som trekkplaster for gjester utanfrå».
Kviteseid FRAM har i si vurdering lagt vekt på at tilbodet kan auke attraktiviteten for området innan fleire segment, i tillegg til å generere fleire overnattingsdøgn i kommunen. Prosjektet høyrer til under Kviteseid FRAM si satsing på reiseliv og utvikling av næringsliv, men kan og vere eit bidrag til auka bustads-attraktivitet og bu-lyst. Det blir spennande å fylje FairyTale Gardens på vegen vidare!
FairyTale Gardens har fått eit tilskot på kr. 95.000,- frå Kviteseid FRAM.