Byggjer framtidas energiløysingar


Publisert: 18.05.2026

Illustrasjonsbilde over ferdig terminal i Brunkeberg
Prosjektet i Brunkeberg skal skape eit berekraftig knutepunkt for logistikk, transport og næring, med fokus på grøn energi og framtidsretta løysingar.

I Brunkeberg er eit spennande utviklingsarbeid i gang, med mål om å skape eit moderne og berekraftig knutepunkt for logistikk og næringsverksemd.

Gjennom eit nytt forprosjekt jobbar ein for å legge grunnlaget for neste generasjon energiløysingar, der lokal produksjon, smart energibruk og ladeinfrastruktur for tungtransport står sentralt. Ambisjonen er å utvikle ein heilskapleg modell som gjer det enklare og meir attraktivt å etablere og drive verksemd med lågt klimaavtrykk.

Prosjektet tek utgangspunkt i endringane som kjem i transport- og energimarknaden, der etterspurnaden etter effektive og grøne løysingar aukar raskt. Ved å vere tidleg ute, ynskjer ein å posisjonere Brunkeberg som ein attraktiv lokasjon for framtidsretta næringsaktørar.

Arbeidet omfattar utvikling av konkrete konsept og vurderingar som kan leggje grunnlaget for vidare investeringar og etableringar. Målet er å skape ein plattform for vekst – både for eksisterande aktørar og nye verksemder som ser verdien i moderne energiinfrastruktur og strategisk lokalisering.

Satsinga handlar ikkje berre om teknologi, men om å bygge eit konkurransefortrinn for regionen. Gjennom å kombinere kompetanse, ressursar og nye løysingar kan ein styrkje næringsgrunnlaget og opne for nye moglegheiter innan logistikk, transport og tilknytte tenester til desse.

Dette er eit steg vidare i arbeidet med å gjere Brunkeberg til ein attraktiv stad å utvikle næring for framtida.

«Tilskotet frå Kviteseid FRAM betyr mykje for oss i denne tidlege fasen. Det gjev oss moglegheit til å arbeide meir konkret med løysingar som kan bidra til grøn omstilling, ny næringsutvikling og framtidsretta infrastruktur i Brunkeberg. For oss er dette eit viktig steg i arbeidet med å utvikle området til ein attraktiv lokasjon for transport, logistikk og berekraftig verksemd», seier Håvard Sandland i Sandland Eiendom.

 Sandland Eiendom har fått eit tilskot på kr. 200.000,- frå Kviteseid FRAM.